Bustadtomter i Suldal
Bustadtomter i Suldal
Aktuelt

Skjerahaug bustadfelt i Erfjord er klart for sal. Feltet inneheld 9 ferdig oppmålte tomter, 8 av desse er for sal. To av desse kan seljast som konsentrert småhusbusetnad. (Tomt 1 og 2)

Bustadfeltet ligg fint og solrikt til, med nydeleg utsikt over Bogsfjorden. Bustadfeltet ligg nær natur og utmark. Feltet er opparbeidd med veg, vatn og avløp og har ein fin opparbeidd leikeplass. Det er kort veg til barnehage og eldresenter.

Desse sidene tilhøyrer Suldal kommune