Bu i Suldal - Om Suldal
Bustadtomter i Suldal

Om Suldal

Suldal kommune er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur i underkant av 3900 menneske her, og rundt 1300 av desse bur i kommunesenteret Sand. 

I Suldal kan du oppleve det mjuke, lune fjordlandskapet som kjenneteiknar Ryfylke. Du kan vitja sjarmerande, små strandstader, reisa gjennom breie og frodige dalføre, sjå kulturhistoriske minnesmerke og djupe skogar.
Damanlegga til Ulla-Førre og Blåsjø er vel verdt eit besøk. Til tross for Norges største kraftutbygging, finn du framleis store urørte fjellområde. Suldal byr på eit mangfald av opplevingar både når det gjeld natur, kultur og aktivitetar.

Næringslivet her er allsidig. Landbruket er basisnæring og gir grunnlag for busetjing i alle delar av kommunen. Husdyrhald og mjølkeproduksjon er ryggrada i denne næringa. Bygdeturisme og småkraftverk er på full fart inn som tilleggsnæringar. Transport, bergverk, fiskeoppdrett, trevareindustri, handel og service er andre store næringar.

Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod til folk i alle aldersgrupper. Det er barnehagetilbod til alle, og prisane er framleis mellom dei aller lågaste i landet.

Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg, Suldalshallen og sandvolleyballhall.

Les meir om dei ulike grendene i Suldal ved å trykka på linkane i menyen til venstre.

Desse sidene tilhøyrer Suldal kommune